|
Fjonesundet Fergekafé
Fjonesundet Fergekafé er ein sommarope kafé, kor du kan nyte ein kopp kaffe med vaffel eller svele. Deilig rjomegraut er og ein spesialtet. I tillegg til ein enkel meny, kan du og nyte ein kald øl og pizza.
I sommarsesongen, frå slutten av juni til byrjinga av august, blir det servera forskjellige middagsrettar kvar dag.
Kaféen har alle skjenkerettar.
Etter utbygginga var ferdig i 2008, kan du og halde selskap her. I lokalet er det plass til 50 - 60 personar.
Opningstider for kaféen :
Frå byrjinga av mai til midten av juni, held kaféen ope kvar laurdag og sundag kl 11.00 - 18.00.
Midten av juni til midten av august:
Kvar dag kl. 11.00 - 22.00. Kvar fredag og laurdag kl. 11.00 - 24.00.
Frå midten av august og ut september månad held kaféen ope kvar laurdag og sundag kl. 11.00 - 18.00.
For info tak kontakt på tlf. 35 04 71 32.
Velkomen til Fjonesundet Fergekafé !
|